Me er fråkopla energidebatten

- Annonse -spot_img

Noreg er påkopla den europeiske straummarknaden, men ikkje påkopla den europeiske energidebatten. Det er eit problem. 

To ting har ofte fått skulda for dei høge straumprisane: Det europeiske samarbeidsorganet mellom energireguleringsmyndigheiter, ACER, som i praksis er noko tilsvarande eit direktorat. Og utanlandskablane, og då særleg dei to siste som vart bygd, til England og Tyskland.

Å gje ACER skulda heng ikkje vidare på greip, sjølv om det er populært i kommentarfelt. Å peika på utanlandskablar er riktigare, men det gjeld ikkje berre desse to.

Den norske straumprisen har faktisk i stor grad samvariert med tysk straumpris over mange år, også før den siste kabelen vart sett i drift. Det er ikkje noko nytt at den norske straumprisen vert påverka av prisen på fossile råvarer. Det nye er at gassprisen er så skyhøg som han er.

Kvifor utenlandskablar?

Kva er årsaka til samvariasjonen? For det fyrste har me over lang tid vore forbunde til den tyske marknaden via dei kablane me har til Danmark og Sverige. For det andre påverkar svingingar i marknadsprisane på kol og gass større geografiske område samstundes. Dette peiker også Gunnar G. Løvås i Statnett på, i ein artikkel i DN i mars 2022.

Kvifor er me forbunde til nabolanda våre? Det har vore tre grunnar til dette. For det fyrste handlar det om å utnytta ressursane betre, fordi ein utan utveksling vil trenga betydeleg overkapasitet for forsyningstryggleiken sin del, altså å byggja ut meir kraft.

For det andre handlar det om å syta for tilgang på nok kraft, gjennom heile året, og også i tørrår. Noreg har som regel kraftoverskot på årsbasis, men me er slett ikkje alltid sjølvforsynt med kraft. Prognoser tilseier også at me oftare kan oppleva kraftunderskot i åra som kjem.

For det tredje har det vore lønsamt for Noreg, som har kunna eksportera vasskraft istadenfor å lata henne flyta over demningane. Joda, det finst plenty av folk i kraftbransjen som har tent pengar. Det same har eigarane, i stor grad kommunar, fylke og stat.

Dei politiske vedtaka bak dette vart ikkje fatta av idiotar. Og når desse politikarane i ein haug med kommentarfelt jamvel vert malt som landsforrædarar er dette beint fram farleg, og skadeleg for samfunnsdebatten. 

Gass som våpen

Men raseriet er jo ikkje uforståeleg. Det handlar om at straumprisane i Sør-Noreg er ekstremt høge, trekt opp av straumprisar lenger sør. I år har nettoeksporten frå Sør-Noreg vore liten, men prissmitta er der likevel. Og den viktigaste forklaringa på den høge straumprisen er svært høge gassprisar.

Dei er dels skulda auka energiforbruk etter koronanormalisering, og dels skulda krigen i Ukraina, der Putin bruker gass som eit økonomisk våpen mot Europa. Me er ikkje i krig med kuler og krutt, takk og lov. Men me er i krig. Det er krig i Europa.

Biletet er også påverka av nedlegging av kjernekraftverk i Europa, og då særleg i Tyskland. Personleg meiner eg kjernekraft kan vera ein del av løysinga når me skal fasa ut fossil energi. Ukomplisert er dette likevel ikkje. Ved sidan av tryggleiksspørsmål og spørsmål knytt til lagring av atomavfall, er det verdt å minna om at Russland var den nest største leverandøren av uran til Europa i 2020. Den største var Niger, eit land som i aller beste fall kan omtalast som eit svakt demokrati, den fyrste gongen makta skifta hender mellom valde presidentar var i fjor.

Men uavhengig av kva du meiner om kjernekraft: den relativt raske tyske utfasinga var nok ikkje eit klokt val, iallfall ikkje når ein samstundes gjorde seg avhengig av russisk gass.

På kort og lang sikt

I norsk samanheng speler også eit ganske tørt fjorår ei rolle. Det skjedde samstundes som me hadde rekordhøg innanlands produksjon og rekordhøgt innanlands forbruk (140 TWh). Netto eksport enda på 17 TWh, ein nedgang frå året før, men 2020 var då også usedvanleg vått. Samanlikna med 2019 gjekk han opp.

Den noverande situasjonen er uansett dramatisk, både for mange familiar og for næringslivet. Det trengs omfattande politiske tiltak i møte med dette, også utover dei regjeringa allereie har gjort. At både folk flest, ordførarar frå regjeringspartia og politikarar i opposisjonsparti etterlyser slike skulle – for å vera ærleg – berre mangla. Men dei tiltaka me treff bør jo helst ikkje skapa nye problem.

Eg meiner det trengs fleire ting:

  • Målretta ordninga for å dempa effektane av krisa, i form av støtteordningar, etter mitt skjøn med ein klår sosial profil. Ein kraftigare omfordelingspolitikk som kjem folk med dårleg råd til gode meir generelt.
  • Tiltak for å fremma rask energiøkonomisering, energieffektivisering og også straumproduksjon heime, til dømes i form av solcellepanel, og som gjer det mogleg for folk å gjennomføra slike også om dei har dårleg økonomi.
  • Ein politikk som legg opp til auka kraftproduksjon, men som også vert vegd opp mot andre viktige omsyn – me må til dømes også ta omsyn til naturkrisa, og unngå tap av urørt natur.

Noko av dette kan gjerast på heilt kort sikt. Noko kan gjerast ganske raskt. Noko vil ta lengre tid, som å få auka produksjonen.

Dette er ein europeisk debatt

Og: Dersom tiltaka ikkje er gode nok vil raseriet auka, og mistilliten auka. Det er ingen tent med. Eller joda: Putin er tent med det. Dei som sel misnøye er tent med det. Dei som sel konspirasjonsteoriar, som trivst med mistillit, er tent med det. 

Men kva med dei som meiner at marknaden ikkje fungerer? Dei har eit poeng. Og det er her problemet med at den norske energidebatten er fråkopla den europeiske for alvor dukkar opp. Debatten me har i Noreg går nemleg føre seg i heile Europa, fordi heile Europa er i same båt. I mange land i Europa er det faktisk verre fatt. Dei bruker gass til anna enn berre straumproduksjon, og merker dermed dei brutale gassprisane endå meir. Dei har ofte også høgare straumprisar, og eit lønsnivå som er monaleg lågare.

Dette er altså ein europeisk debatt. Då burde det vera av interesse kva andre land har gjort som krisetiltak. Lista er lang. Ein oversikt kan du finna på nettsidene til tenketanken Bruegel. Eg er ganske viss på at det finst tiltak der, som også kunne tena som inspirasjon her heime. 

I tillegg torde det vera av interesse kva både enkeltland og EU gjer for å driva fram rask energiøkonomisering, og der skjer det ein heil del. For Noreg er det mogleg å gjera ein heil del ganske raskt. Me har dei økonomiske musklane til det. Det er vel på det området eg er mest kritisk til regjeringa si handtering: den storsatsinga burde ha vore i gang no.

Påkopla, men fråkopla

Til sist: det burde ikkje minst vera av interesse at fleire land no stiller spørsmål ved sjølve prisfastsettinga i marknaden. Franske myndigheiter har peika på at det er problematisk at prisen på deira kjernekraft vert sterkt påverka av prisen på gass, slik også prisen på norsk vasskraft blir. Dei har eit godt poeng. Greske myndigheiter har etterlyst endringar i systemet, og minner om at gasskraftverk utgjer mindre enn 20% av europeisk straumproduksjon, men likevel påverkar prisen sterkt.

Grekarane meiner at det både påfører forbrukarane urimelege kostnader, og fører til ein ineffektiv marknad. Dei har også eit poeng. Dei meiner difor det vil vera riktig å endra prissetningsmekanismane slik at prisen på fornybar energi og kjernekraft -ikkje- vert påverka av gasspris, men istadenfor sett på bakgrunn av andre mekanismar. Kor godt framlegget deira er, skal ikkje eg meina noko om, men har du lese noko om det i norske aviser? Har det i det heile vore ein del av den norske debatten? Kanskje. Men eg har ikkje sett det.

Sjølv diskusjonar om EU sin energiplan REPowerEU – der målet er å syta for rask utfasing av russisk gass – synest det å vera ganske få av. EU-parlamentet skal handsama saka i plenum alt i midten av september.

Me er påkopla Europa, men fråkopla den europeiske debatten.


Ein versjon av denne meiningsytringa vart fyrst publisert på forfattarens Facebook-side.

Øyvind Strømmen
Øyvind Strømmen
+ posts

Miljøpartist, journalist og forfattar. Jobbar som informasjonsrådgjevar.

- Annonse -

Lignende artikler

Delta i debatten

- Annonse -

Instagram

Mest lest nå