– Jeg tror man undervurderte debatten og hvordan det ville oppleves når lokalbefolkningen så hva som skjedde med naturen og nærområdene.
Orda tilhøyrer tidlegare olje- og energiminister Tina Bru, i eit intervju gitt i kjølvatnet av Anders
Totland si bok «Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør». Tina Bru si erkjenning av at sentrale
politikarar undervurderte debatten og folk flest sine opplevingar er modig og ærleg. Få norske
politikarar har stått i vindkraftstormen som Tina Bru, som fekk ei rekkje vanskelege vindkraftsaker på
bordet i si tid som olje- og energiminister.
Høve til medverknad i avgjerdsprosessane i utbyggingssaker er ein av våre grunnleggande
individuelle rettar, som mellom anna er nedfelt i Grunnlova. Dette er demokratiet sitt DNA: gode
kontaktpunkt mellom politiske prosessar og dei menneska som eit vedtak får konsekvensar for. At
vindkraftmotstanden då skulle eksplodere samtidig som vindkraftutbyggingane vart synlege i
terrenget må derfor kunne seiast å vere eit stort paradoks! Korleis kunne det skje?
Lov om elsertifikat 2011, kort fortalt
For å forstå må vi gå 11 år tilbake i tid, til den 31.mai 2011. Denne dagen ga Energi- og miljøkomitéen
på Stortinget si innstilling til Lov om elsertifikat. Komitéen, leia av Erling Sande frå Senterpartiet,
slutta seg til å etablere ein felles elsertifikatmarknad med Sverige frå 1. januar 2012, med mål om
etablering av 26,4 TWh ny el-produksjon basert på fornybare kjelder innan 2020. Etableringa av
elsertifikatmarknaden knytte Noreg til EU sitt fornybardirektiv, og ved å forplikte seg til finansiering
av 13,2 TWh elsertifikat innan 2020 skulle Noreg få fart på utbygginga av fornybar energi.
Rett nok minte Line Henriette Hjemdal frå Kristeleg Folkeparti om at 95 % av norsk kraftproduksjon
allereie kom frå fornybare kjelder, og at klimagevinsten ved auka produksjon ville vere sterkt
avgrensa. Men ein samla komité viste i si innstilling likevel til samanhengen mellom energi og
klimautfordringa, og understreka verdien av at fornybar energi er berekraftig i eit klimaperspektiv.
Den 9. juni 2011 vart så Lov om elsertifikat samrøystes vedteken i Stortinget. Reint praktisk vart
elsertifikatordninga innretta slik at kraftleverandørane legg ei avgift på straumrekninga som vert
overført til produsentar av fornybar energi. Det er dermed straumkundane som finansierer
elsertifikatordninga.
Ei politisk satsing utan konsekvensar?
At Stortinget og Regjeringa såg føre seg at elsertifikatordninga skulle resultere i vindkraftutbyggingar
er det ingen tvil om. Mellom anna gjekk Statsråd i Olje- og energidepartementet, Ola Borten Moe på
talarstolen og sa fylgjande: «Det er et svært framoverlent departement, og regjering, som nå får gjennomslag for etablering av et sertifikatsystem som kommer til å bety et taktskifte i utbyggingen av
våre fornybare energiressurser. Det kommer til å vises i form av vannkraftverk, vindkraftverk,
overføringsnett over hele landet og en investeringstakt som dette landet sannsynligvis ikke har sett
siden 1950- og 1960-tallet.»
Det som derimot framstår langt meir uklart er korleis politikarane i 2011 tenkte rundt andre
verknader av politikken dei vedtok. Lite tyder på at dei var urolege for kva fylgjer og kostnader
satsinga deira kunne ha for menneska i lokalsamfunn rundt om i landet. I alle fall er alle dokument og
referat som knyter seg til vedtaket om elsertifikata merkeleg frie for vurderingar knytt til denne
problematikken.
Verken lovproposisjonen frå Regjeringa eller innstillinga frå Energi- og miljøkomitéen inneheld
vurderingar av konsekvensar som saka kan ha for andre tilhøve enn resultatoppnåinga, nemleg
utbygging av fornybar energi. Og det var ingen av representantane som var tilstades i Stortingssalen
den 9.juni 2011 som var urolege for kva konsekvensar lov om elsertifikat kunne få. Eller, dei sa det i
alle fall ikkje høgt. Korleis skal vi forstå dette fråveret av konsekvenstenking i den politiske
sakshandsaminga?
Ei politisk satsing utan kunnskapar?
Kanskje var Tina Bru inne på noko, då ho antyda at Stortinget ikkje hadde kunnskap om
konsekvensane av vedtaket dei gjorde, i samband med satsinga på utbygging av fornybar energi? Lat
oss derfor sjå litt nærmare på kva som var tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag i den aktuelle
stortingsperioden:
Lov om elsertifikat vart gjeldande frå 1.1.2012. I mars 2012 la så Regjeringa fram Energiutredningen,
ein NOU om verdiskaping, forsyningssikkerhet og miljø. I april same år kom Stortingsmelding 21 om
Norsk klimapolitikk. Og i august 2013 kom ein NOU med tittelen «Naturens goder – om verdier av
økosystemtjenester».
Særleg denne siste NOU-en er verdt og merke seg, der vi på side 384 kan lese om konsekvensane som
elsertifikat har for natur. Her vert det vist til at innføringa av el-sertifikatordninga frå 2012 vil gje ei
subsidiering av nye vindkraftanlegg med mange milliardar kroner, og ein stor vekst i talet på omsøkte
konsesjonar. Sjølve elsertifikatordninga vert av ekspertutvalet bak utgreiinga vurdert på fylgjande
måte: «Ordningen ble i liten grad utredet før den ble satt i gang. I sin høringsuttalelse til lovforslaget
påpeker Direktoratet for naturforvaltning at miljøkonsekvensene ikke er tilstrekkelig utredet og at
utredningsinstruksen ikke er fulgt.» Ein nokså knusande dom over eit vedtak som vart gjort to år
tidlegare.
Forholdet er altså at relativt kort tid etter innføringa av elsertifikatordninga kom det ei
Stortingsmelding og to NOU-ar som direkte omhandla problemstillingar som vedkom utbygginga av
fornybar energi. Når vi i ettertid ser at Stortinget ikkje hadde tid til å vente på denne
saksinformasjonen, kan ein nesten lure på om det var kunnskapsmangel eller kunnskapsfornekting
som låg til grunn for satsinga på fornybar energi. Eller var det heile berre ei iskald politisk
prioritering?
Kunnskap og konsekvensar
Uavhengig av svara på spørsmåla over, må det politiske miljøet på eit tidspunkt stå til ansvar for sine
eigne vedtak. Elleve år etter innføringa av elsertifikatordninga er konsekvensane synlege over store
delar av landet, mellom anna i form av 1304 vindturbinar. Og når vindturbinane reiser seg er
realiteten at dei ikkje berre generer resultat, men også konsekvensar. Konsekvensar for
naturmangfald og dyreliv, konsekvensar for menneske og lokalmiljø.
Vindkraftutbygginga som fylgje av elsertifikatordninga har medført det som truleg er den største arealendringa i Noregs historie som fylgje av eit enkelt politisk vedtak. At politikarane undervurderte debatten som kom i etterkant av dette, kan godt hende. Men fyrst og fremst undervurderte dei truleg konsekvensane av sitt eige vedtak. For elsertifikatordninga gav ikkje berre resultat i form av fornybar energi, men også alvorlege negative konsekvensar for natur og menneske i ei rekkje lokalmiljø over heile landet. I ei tid der det internasjonale naturpanelet har slått fast at tap av
naturmangfald er eit like stort trugsmål som klimaendringane er naturinngrepa alvorlege nok i seg
sjølv. Men det er når folk erfarer at mange av naturinngrepa i realiteten er både urimelege og
urettvise og unødvendige at vindkraftmotstanden veks til ei folkerørsle.
For i etterkant framstår innføringa av elsertifikatordninga og den påfylgjande vindkraftutbygginga
som ei politisk satsing frikopla frå konsekvensane. Slik sett er vindkraftutbygginga eit skuleeksempel
på det instrumentalistiske mistaket. Politisk resultativer kopla med målstyringsideologi i forvalting og
byråkrati har gitt konsesjonsprosessar prega av låg saksbehandlingskvalitet, men stor
gjennomføringskraft. Samstundes har likesæle til menneskelege kostnader gått som ein raud tråd frå
vedtaket om innføringa av elsertifikatordninga til gjennomføringa av vindkraftutbygginga.
Utbyggingsinteresser har hatt stor makt over utforminga av både konsesjonar og detaljplanar, medan
prosessane i liten grad har vorte realitetsorienterte gjennom medverknad frå lokalsamfunna som
utbyggingane har fylgjer for. Dessutan har dei økonomiske insentiva har vore sterke til fordel for
utbyggarane, medan kostnadane og dei negative konsekvensane har vorte lagde på vanlege folk og
lokalmiljø.
Difor er truleg den mest avgjerande konsekvensen av satsinga på «dei grøne sertifikata» tap av tillit til ansvarlege politikarar.
